Kommunedirektør Johnny Breivik seier at kommunen tar dette på alvor og vil gje tilsvar på varselet innan fristen.
Også i 2022 og 2025 vart det gjeve pålegg til kommunen. Etter at dokumentasjon vart sendt inn, vart begge desse tilsyna lukka.
Formålet til forskrift om lønn- og arbeidsvilkår i offentlege kontraktar er å bidra til at offentlege oppdragsgjevarar skal velja seriøse verksemder til å utføra tenester og byggje- og anleggsarbeid, og at dei som arbeider i eller for desse verksemdene har anstendige arbeidsforhold. Gjennom kontroll av løns- og arbeidsvilkår i eigne kontraktar kan offentlege oppdragsgjevarar vera med på å hindra sosial dumping og motverka arbeidslivskriminalitet.